FETEVARE

Kolsvart

Kolsvart er ein svensk lakrisprdusent frå Malmö. Lakrisen er av tradisjonelle svenske og nordiske oppskrifter. Signaturen og filosofien deira er: Reine ingrediensar, balansert smak og ein seig og kompakt tekstur

Cielo Sjokoladefabrikk

Cielo Sjokoladefabrikk er Noreg sitt første Fairtrade Sertifiserte sjokoladehus som baserer all eiga produksjon på sporbar, rettferdig og etisk sjokoladehandel. Dei held til i Trondheim. Cielo jobbar med å fremje Norsk Handverksjokolade og kvar smak har ein historie bak seg.

Ask Gård Foredling AS

Ask Gård ligg vakkert plassert i utkanten av Nordmarka med utsikt utover Randsfjorden. På garden har dei om lag 80 vinterfora sauer og driv produksjon av økologisk spekemat heilt uten tilsetjingsstoff.

 

Kom inn og prøv spekemat frå Ask Gård hos oss.

Spildegarden

Spildegarden ligg i Øystese i Hardanger.

Spildemost gjev deg sødmen av eit friskt og moge Hardangereple. På den måten kan ein nyte friske og gode eple året rundt. Epla vert sortert manuelt, sånn at berre fyrsteklasses eple vert pressa.

 

På grunn av at eplesortane vert pressa kvar for seg, får du Spildemost som passar til det meste av mat.

 

Spildemosten er eit godt alternativ til vin med sin variasjon fra søtt, fruktig til syrlig!

ÆRA SMAK

ÆRA SMAK er vår eigne serie med produkter, utvikla og produsert hos oss, for deg.

Mykje av produkte er basert på sjølvplukka råvarer og råvarer av øverste klasse

 

ÆRA Kafé & Fetevare AS

www.aeramat.no // info@aeramat.no

© 2017